Mikkelparken-001

Historia om Mikkel

Mikkel bur i Mikkelparken i Kinsarvik.

Det Mikkel synest er aller mest spanande, er å samla på sko. Sko, i alle størrelsar og fargar, er det kjekkaste han veit.

Skosamlinga til Mikkel har blitt veldig stor. Det som er spesielt med skosamlinga hans, er at det finnest berre ein sko av kvar sort.

Skoa i samlinga hans er ikkje til bruk på føtene, men til å leike med. Dess fleire forskjellige sko Mikkel har til å leike med, dess kjekkare synest han det er. Difor er han stadig på leiting etter fleire sko til samlinga si.

Hugs å pass godt på skoa dine når du kjem til Kinsarvik.

Mikkel er veldig glad i skosamlinga si, men han er også veldig glad i venene sine. Dei heiter Mikkeline, Frøken Ugle, Solbjørn, Minken og Papegøyen. Mikkel og dei andre leikar og har det kjekt i Mikkelparken kvar dag.

Mikkel og venene hans ønsker alle velkomen til å ta del i leiken og moroa saman med dei, i Mikkelparken i Kinsarvik. Her blir gode barndomsminne skapt.

Kanskje du får vite meir om skosamlinga til Mikkel også?