Dagens gang på leirskulen

Kl. 07.00 På tide å stå opp. Kvar klasse får utdelt vekkerklokke og må sjølve syte for å vakna.

Kl. 07.00-8.00 Frukost i hyttene. Smøring av matpakke hvis ein skal ete lunsj ute på aktivitetane. Rydding etter frukost og på hytta generelt.

Kl. 08.30 Inspeksjon. Blir gjort av leirskuleinstruktør. No må hyttene vera rydda og klare. Det blir premiering av beste hytte før avreise.

Kl. 09.00-12.00 Leirskuleaktivitet. Blir leda av leirskuleinstruktør

Kl. 12.00-13.00 Lunsj i hyttene eller på aktivitetane. Kiosken er open.

Kl. 13.00-16.00 Leirskuleaktivitet. Blir leda av leirskuleinstruktør

Kl. 16.00-21.00 Kiosken er open og de kan hente meir mat til hytta.

Kl. 17.00/18.00 Felles middag.

Dei som har kjøkenteneste møter i matsalen 15 min. før middag og er med å dekke på borda. Etter middag skal dei og vera med å rydda av borda.

Kl. 22.00 (Barneskule) Tilbake til eigne hytter.

Kl. 22.30 (Ungdomsskule)Tilbake til eigne hytter.

Kl. 22.30/23.00 Då skal det vera ro på hyttene!