Generell informasjon om ansvars- og arbeidsdeling

Partane er i fellesskap ansvarleg for å arbeida ut eit best mogleg tilpassa opplegg for elevane.

Last ned utskriftsvennlig side

Leirskulen sitt faste personale kjenner miljøet og tilhøvet på staden.

Kontaktlæraren kjenner elevane og deira forutsetningar/ynskje.

Kontaktlæraren sitt juridiske ansvar i tilhøve til elevane, vil ikkje avvika særleg frå vanleg skulesituasjon.


Under leirskuleopphaldet som elles, ventar ein seg at kontaktlæraren ikkje utset elevane for større risiko enn det som er vanleg godkjent og akseptert.


Elevane er yrkesskadetrygda i samsvar med Folketrygda sine bestemmelsar.

Skader skal meldas av heimeskulen til NAV.


Under leirskuleopphaldet vert det oppretta eit samarbeid mellom kontaktlærar, leirskulelærar og leirskuleeigar.


Desse vil ha møte så snart som mogeleg etter ankomst og vil då gå gjennom:

- kontaktlæraren sine oppgåver under opphaldet

- ordensreglane (praktisering av desse)

- timeplanen for veka

- praktiske opplysningar om leirskulen og info om f.eks. spesielle omsyn til enkeltelevar,

Når det gjeld arbeidsoppgåver som ikkje fell naturleg inn under vanleg ansvars- og

arbeidsdeling mellom partane, kan ein dela desse oppgåvene mellom seg.


Vanlegvis vil partane ha møte kvar kveld etter middag for å gå gjennom dagen som har vore og neste dags aktivitetar.


Kontaktlærar er hovudansvarleg for klassen sin:


A. Kontaktlæreren skal gje leirskulen nødvendig førehandsinformasjon med omsyn til relevante opplysningar om elevane.

B. Kontaktlæreren har ansvaret for planlegging og gjennomføring av reisa til og frå leirskulen.

C. Kontaktlæreren skal i samråd med leirskulelærar ta del i det pedagogiske opplegget på leirskulen.

D. Kontaktlæreren må medverka til at ordensreglane på leirskulen vert haldne.

E. Kontaktlæreren tek del i leirskulen sitt samarbeidsutval.


Sovande nattevakt som kan nåast på telefon 53671313.


Vaktene er ein trygghet dersom nokon skulle trenga lege, eller om det er andre ting i leiren som må ordnast opp i om natta.


Refusjonsgaranti


Grupper som kjem på opphald for første gong, får gratis undervisning.

Staten gjev 100% tilskot til undervisningsopplegg.

Stortinget fastset kostnadsfaktoren for opplegg på leirskule.

I faktoren er medrekna leirskulen sine kostnader med planlegging, administrasjon,

undervisning og undervisningsmidlar.

Tilskotet vert utbetalt frå Staten v/Fylkesmannen, for kvar enkelt gruppe, til skulen sin heimkommune.

Heimkommunen betaler tilskotet vidare til Hardangertun leirskule, som refunderer vertskommunen Ullensvang Kommune når undervisningen er gjennomført.