Leirskuleaktivitetar

Klatring, kabelbane og orientering

Dette er ein heildagsaktivitet der elevane først startar med ca 1 time teori om bruk av kart og kompass. Etter det går ein til klatreområdet der elevane blir delt i to grupper. Eine gruppa har har orientering i Huseskogen medan den andre klatrar.

Orienteringsløypa består av 10 postar som er hengt opp rundt i skogsområdet. Elevane samarbeider og prøver å ta seg fram til postane ved hjelp av kart og kompass. På postane må ein og svare på oppgåver som omhandlar tema klatring/orientering. Beste gruppa blir premiert.

Klatredelen består i å ta seg opp ein 25 meter høg fjellvegg på stigbøylar av jern og med klatreselar og sikring. For deretter å segla ca.100 meter på ein kabelbane. Klatrevegg, eller Via Ferrata som det heiter, betyr å bevega seg oppover ein fjellvegg på jerntrinn.

Kvart taulag er på ca 8 elevar. Vår erfaring er at svært mange elevar bryt eigne grenser og opplever stor grad av meistring gjennom desse aktivitetane.

Mål: Lære bruk av kart og kompass. Meistre utfordrande aktivitetar gjennom samarbeid og samhold, med stort fokus på sikkerheit.

Kabelbane/zipline

Via ferrata

Opplæring med fokus på sikkerheit

Fjelltur

Dette er ein dagstur i den fantastiske Husedalen som er berømt for sine fire flotte fossefall. På denne turen tar ein seg opp til den tredje fossen, og ein er då komen inn i Hardangervidda nasjonalparkområde. Om ein hugsar å ta med ein god nistepakke, kamera, skikkeleg skotøy og gode kle blir dette ei naturoppleving for resten av livet. Den første delen av turen går i lett stigande terreng ved sida av elva Kinso. Den siste delen av turen blir meir krevjande med ein brattare stigning. Instruktøren vil ikkje halde høgare tempo enn at dei siste elevane heng med, slik at alle kan nyte turen. Når ein har nådd toppen av turen, ved stølen Nykkjesøy, et me nista vår og kokar te/buljong på stormkjøken.

Mål: Læra å ferdast i Nasjonalparkområdet som er eitt av dei flottaste naturområda i Norge. Få innblikk i flora og fauna i den norske naturen. Lære om kva sko og klær som passar til formålet.




Sjøvet og kanopadling

På denne aktiviteten får elevane oppleva den fantastiske Hardangerfjorden. Økta byrjar med instruksjon i sjøvet og sikkerheit. I tillegg blir det trening på land i ulike padleteknikkar. To og to elevar sit samen i kvar kano. Elevane skal gjennom ulike øvingar på fjorden som stiller krav til godt samarbeid og samhandling. Ved mykje vind vil kano-økta foregå inne i badelagunen og båthavna. Når det er roleg vær blir det ein lengre tur på fjorden.

Mål: Læra å meistra ulike padleteknikkar. Klare å samhandla godt i grupper, og ha forståing for sjøvetreglane.




Bogeskyting og natursti

På denne aktiviteten blir elevane delt inn i to grupper. Den eine gruppa har natursti medan den andre gruppa har bogeskyting. På naturstien vert elevane delt inn i mindre grupper som skal prøve å finne postar som er hengt opp i ei skogsløype. Oppgåvene handlar om natur og planteliv. Nokon av oppgåvene stiller og krav til kreative evne. Beste gruppe vert premiert. På bogeskytinga får elevane innføring i skyteteknikk. Dei startar med øvingsrundar før ein avslutter med ein konkurranse. Dei to jentene og to gutane med høgast poengsum blir med i ein finale mellom alle klassane på leirskulen.

Mål: Styrka konsentrasjon og koordinasjon knytta til presisjonsidrettar. Skapa trivsel og samhald gjennom lagkonkurransar.




Lagøving "Utfordringen" og luftgeværskyting

Dette er ein konkurranseform som er inspirert av programmet “Utfordringen” som har gått på NRK. Klassen vert delt i grupper. Kvar gruppe skal gjennom sju utfordringar. Alle utfordringane stiller krav til godt samarbeid. Utfordringane varierer mykje, og krev alt frå praktisk tenking til styrke og balanse. Beste gruppe vert premiert. Luftgeværskytinga er ein del av lagøvingane.

Mål: Læra å kommunisere og samarbeide som lag, og å oppmuntre kvarandre. Bruke eigne ferdigheitar til å gjere kvarandre gode.





Fritidsaktivitetar

Fotball, basketball, volleyball, badminton, bordtennis og discotek.

Utandørs, oppvarma badebasseng og badstove. Dette er opent mellom kl 16.00 og 20.00 og kostar kr 30,- pr. pers. pr. dag.

Leirskulen har eigen badevakt





Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no