Ordensreglar
I hovudsak gjeld generelle ordensreglar frå Norsk Leirskuleforbund. Elles gjeld ordensreglane som klassane har på sine heimeskular.
1. Undervisning
Det er viktig å møta i til undervisningen i rett tid.
Når undervisningen pågår skal det vera ro.
2. Naturen
Me går varsomt fram i naturen og viser respekt for alt liv og det som veks i naturen.
Boss tek me med oss attende til leirskulen.
3. Orden
Det er viktig at alle samarbeider godt for å halda orden i hyttene og på leirskulområdet.
Ein må ta vare på inventar og utstyr.
Alle må vera på plass i hyttene sine under den daglege inspeksjonen om morgonen.
Til middagen må alle møta presis. Det er ikkje lov å møta til middagen i badetøy.
4. Hærverk
Dersom noko vert øydelagt må eleven/skulen erstatta dette.
5. Ferdsel utanfor leirskulemrådet
Dersom nokon har ærend i butikk, post eller bank må dei spørja klasselæraren om
løyve til å gå utanfor leirskuleområdet.
Berre to elevar frå kvar klasse får løyve til å gå utanfor området på same tid.
6. Ting ein ikkje får bruka på leirskulen
Energidrikk/rusmidlar
Vannballongar, vannpistolar o.l.
Alle former for dataspel
Rulleskøyter/-brett
7. Konsekvensar ved brot på ordensreglane
Grove brot på ordensreglane kan medføra heimsending. Vedtak om heimsending vert
gjort i samarbeid mellom leiinga på leirskulen, klasselæraren og rektor på heimeskulen.
Heimsending skjer på eigen kostnad, og gjev ikkje grunnlag for refusjon av innbetalte pengar for opphald og undervisning.