Turplanlegging

Her får du hjelp til organiseringa av turen til Hardangertun. Bestem kva veke som passar best for klassen dykkar. Om mogleg sett opp alternative veker (hugs å vera ute i god tid).


  1. Ring oss slik at me i fellesskap kan finna fram til ei ledig veke. Samstundes kan de gjerne gje oss eit ca. tal på deltakarar og ein førebels reservasjon av ei veke. Me vil senda utfyllande opplysningar om leirskulen.
  2. Send ut informasjon til foreldra og sett ein tidsfrist for påmelding til turen. Det endelege talet på kor mange som vert med på turen må leirkulen ha omlag ein til to månader på førehand.
  3. Kontakt busselskap for tilbod på transport tur/retur.

Hytter/hyttelag

Hardangertun har 26 hytter som elevane bur i, og 8 leilegheiter for ledarane.


Dette er hyttetypane som elevane bur i:

Stor hytte, 65 m2, (to soverom, hems og to bad), med inntil 8 sengeplassar. Hyttene har stove med kabel-TV, to bad og fullt utstyrt kjøken med bl. a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Dei to soveromma har familiekøyeseng og hemsen har to enkeltsenger. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.

Medium hytte, 50 m2, (to soverom og bad), med inntil 6 sengeplassar Hyttene har stove med kabel-TV, eitt bad og fullt utstyrt kjøken med bl. a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Det eine soverommet har familiekøyeseng og det andre har to køyesenger. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.

Ledarane bur i leilegheiter (så langt dei rekk):

Leilegheit, 55 m2, (to soverom og to bad), med inntil 6 sengeplassar. Leilegheitene har stove med kabel-TV, to bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Begge soveromma har familiekøyeseng. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.

Innkvartering og arbeidsdeling

Før klassen kjem til Hardangertun vert elevane fordelte på hytter basert på antal gutar og jenter i klassen. Denne innkvarteringsplanen vert sendt skulen på førehand slik at dei kan føra på namna på dei elevane som skal bu på kvar hytte.

Å bu saman med medelevar, utan vaksne i hytta, er for mange ei ny oppleving.

Me på Hardangertun ser på dette som ein viktig del av leirskuleopphaldet. Elevane må løysa oppgåvene som ei gruppe. F.eks.: dekka bord, laga nista, vaska, rydda, finna ut kor mykje mat som må hentast osv. Alle desse oppgåvene må elevane fordela mellom seg.

Me har laga forslag til ein arbeidsfordelingsplan for elevane, basert på nr. dei har på innkvarteringsplanen:

Dette er kun eit forslag å fordela arbeidet blant elevane på, etter kva nr. dei har på innkvarteringsplanen.

Alle må re opp sengene sine kvar dag og rydda i eigne saker.

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no