Mikkelparken
I bygda Kinsarvik, under bratte fjellsider, like ved fjorden i Hardanger – der ligg Mikkelparken.
Ein familiepark som er akkurat passeleg stor, og liten nok til å vere oversiktleg og koseleg.
Sjå kva smitteverntiltak Mikkelparken har iverksatt for sommarens parkopning, og førebu deg på ditt besøk!
Bada, spruta og svømma i Tropefryd
Tre oppvarma basseng og vatnsklier til svømming, bading og morosam vatnleik. Spruteanlegg med oppvarma vatn. Vatnsklier, vatnkanoner, vatnbøtter og vatnsprut. Det finns også ei eiga skovatnsklie. Trykk på bilete for å høyra Tropefryd songen og sjå video!
Vatn er kjekt, ikkje sant?
Ta turen med Mikkeltoget
Bli med på ein koseleg togtur i Mikkelparken mellom blømande frukttre,
med toget som Mikkel fekk til 10 års dagen sin frå alle venene sine.
Møt Mikkel og venene hans
Mikkeline, Solbjørn, Frøken Ugle, Papegøyen og Minken er venene til Mikkel, og dei har det kjempekjekt i lag.
Sjå video frå Mikkelparken
Bu på Mikkelparken Ferietun
Mikkelparken Ferietun ligg rett ved parken, i Kinsarvik, og har både hytter og leilegheiter til utleige. Stort campingområde har me òg. I tillegg er det utandørs basseng, leikeområde og minigolf. I nærheten av ferietunet finn de fantastiske turområde, sandvolleyballbane, badelagune og gjestehavn for båtar.
Les meir om Mikkelparken Ferietun
Nye Mikkelparkprodukt
I år er det mange flotte nyheiter i souvenirbutikken i Mikkelparken. T-skjortar, caps, collegejakker, badetøy, toalettvesker, kjøleskapmagnetar, drikkeflasker og handlenett- med Mikkel og Mikkeline-motiv.
Mikkelparken
Hardangertun Hytter og Familiepark
Kinsarvikvegen 64
5780 Kinsarvik
Norway