Mikkelparken Ferietun

Like ved Mikkelparken finn du Mikkelparken Ferietun, eit koselig ferietun i idylliske omgivnadar med familievenlege overnattingstilbod og camping. Her er det basseng, leikeplass og minigolf.

-Og sjølvsagt kort veg til Mikkelparken!



Sove

Moderne og familievenlege leilegheiter, hytter og luksustelt, eller bubil og telt mellom fruktrea på campingplassen.

Bur de på Mikkelparken Ferietun, treng de berre krysse vegen før de er i Mikkelparken. De treng ikkje pakke i bilen eller tenkje på parkering. Nærare og enklare blir det ikkje!

På Mikkelparken Ferietun er det moderne og familievenlege leilegheiter, hytter, luksustelt og camping. Mikkelparken ferietun tilbyr mange ulike typar overnatting .

Ferietunet har utandørs svømmebasseng , leikeområde og gratis wifi.

Les meir om dei ulike overnattingstilboda ved å trykke på bileta under

Familieleilegheit

(6 sengeplassar)

Familiehytte

(8 sengeplassar)

Familiehytte

(6 sengeplassar)

Luksustelt

(6 sengeplassar)

Leike

Badebasseng

30 grader varmt!

Mikkelparken Ferietun har herleg oppvarma utandørs basseng med eigen barneseksjon. Frå bassenget er det flott utsikt over Hardangerfjorden, og like ved er det leikeplass med hoppepute, disse og leikeapparat.

Bassenget er ope frå ca. midten av april til midten av oktober. Ta gjerne kontakt for å høyre om bassenget er opna, tidleg i sesongen. Hugs å lese Mikkelparken Ferietun sine badereglar før de nyttar bassenganlegget.

Leikeplass

På Mikkelparken Ferietun er det utandørs leikeplass med hoppepute og leikeslott.

Ferieeventyret Hardanger

Her kan du sjå dei ulike aktivitetstilbuda som finns i området.

Lære

Mikkelparken Ferietun ligg sentralt til i Hardanger, like ved fjorden, og gjev ei perfekt ramme rundt møtet eller seminaret.

Me har to ulike separate møterom, med prosjektor, flipover og

Me har møterom med projector, lerret og flipover og spannande pauseaktivitetar. Kva med fjellklatring, bogeskyting eller ein padletur på fjorden?

Me kan by på overnatting i flotte og moderne hytter og leilegheiter, - og me serverer god, heimelaga mat.

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org. nr. 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no