Aktivitetar

Aktivitetar på Mikkelparken Ferietun

Badebasseng

For dei som likar bading har me oppvarma utandørs basseng på ferietunet som er ope frå midten av april til midten av oktober.

Frå bassenget er det flott utsikt over fjorden, og området rundt passar for leik og soling. Badebassenget har òg eigen barneseksjon.

Mikkelparken, som ligg like ved, har fleire badebasseng og vassklier.


Minigolf

På Mikkelparken Ferietun har me utandørs minigolf-baner til fri bruk. Her kan heile familien være med. Sosialt og moro for alle generasjonar.


Gruppeaktivitetar

Fleire av aktivitetane me tilbyr på Mikkelparken Ferietun passar for grupper. Me kan by på fjellturar, ein padletur på fjorden, bogeskyting eller fjellklatring "Via Ferrata" med ein segletur på kabelbane ned att .

Mikkel-buffet

Kvar dag i sommarmånadene har me smakfull familiebuffet på Mikkelparken Ferietun. Eit variert utval av varme og kalde rettar, dessert, isbuffet, kaffe og kaker.

I opningstida til buffeten vil det være underhaldning med Mikkel og Mikkeline, der det vil vere god anledning til å få gje dei ein klem og ta bilete med dei.


Leikeplass og leikerom

Utandørs har med leikeplass med hoppepute, disser og leikeapparat.

Innandørs er det leikerom med bl.a sklie, klossar, leikehus og teiknesaker.

Aktivitetar i nærområdet

Mikkelparken

I Mikkelparken kan du kosa deg i Tropefryd, badelandet der det alltid er varmt i vatnet, og du kan velga mellom fleire basseng og sklier.

Du kan ha mykje leik og moro med bumpebåtane, trøbåtane, sprutebåtane, racerbilane, gravemaskinene eller traktorane. Eller du kan prøva deg med dei radiostyrte båtane og bilane. I juvelbekken og på gullgravinga finns det skjulte skattar. Kvar dag er det teiknekonkurranse, og Mikkel har premie til vinnaren.

Du kan teikna på teikneterassen og dingla høgt over bakken i klatretårnet. Her er minigolf, jungelløype og bondegard med både geiter, kaniner, marsvin, høner og hanar.

I frukthagen er det ekta Hardangerfrukttre. Kven kan spytta morellesteinen lengst? Det kan du finna ut på morellsteinspyttebanen. Mikkel og venene hans kan du sjå både på show og dokketeater kvar dag.

Hardangerfjord Active

Kombiner fjorden med fantastiske fjellturar og nyt utsikt over blant anna Folgefonna frå kajakk.

Kinsarvik Go-kart

Garanterer deg fart og spenning frå start til slutt.

I Husedalen ca. 2 km frå Kinsarvik sentrum, ligg ein av Norges beste gokartbanar. 578 m lang og 7 m brei. Alle over 8 år kan køyre gokart og det er eigne gokartar til dei under 15 år.

Gokartbana kan leiges på timebasis eller du kan betale for antall rundar.

Helgeope frå 11. mai. Kvar dag frå 27. juni-28. juli, langhelg 1.-4. august og helgeope t.o.m. 24. august.


Det meste under eit tak

Trengs det handling? Ca. 200 meter frå Mikkelparken Ferietun finn du Mass Hus AS - SPAR, sentralt plassert i Kinsarvik.

Her finn du det meste under eit tak - stort utval av daglegvarer, maling og jernvare, klesavdeling med dame, - herre,- og barnekle, sko, leiker kjøkken- og husholdningsartiklar, interiør, garn, stoff, gardiner, sengesett og mykje meir.

Åpningstider:

Måndag - Fredag: 08:00 - 20:00

Laurdag: 08:00 - 18:00

Søndag: 12:00-18:00 (01.07-12.08)

Tlf: 53671170

Gløyp Spiseri

Lokal mat fra Hardanger. Konseptet er kommunikasjon, sårbarhet, følelser og historier!

"Det handler mye om å kommunisere mellom oss og våre gjester. Derfor legger vi oss på ett nivå som alle kan føle seg bekvem med. Mat spiller på følelser, utfordringer og masse av glede, en skal vite at hver gang vi serverer en rett til våre gjester er det som om det skal være personlig og bare til deg."

Gløyp spiseri finn du i Kinsarvik sentrum og er open tirsdag-søndag.

Tlf: 928 55 094

Hardangervidda Natursenter

Utforsk det beste av norsk natur

Hardangervidda Natursenter Eidfjord er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevelsessenter. Sjå utstillinger, dioramaer, interaktive stasjonar, utradisjonelle akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar.

Sjå nærare på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspelet mellom kultur og miljø. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære blir du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillinga.

Hardanger og Voss museum

Gode opplevingar å bryne seg på.

Museet byr på stor tematisk breidde og dekkjer eit stort geografisk område. I tillegg til Kulturhistorisk museum omfattar Hardanger og Voss museum Kunsthuset Kabuso. Ingebrit Vik museum og Agatunet. Museet er regionsmmuseum for dei sju hardangerkommunane (Kvan, Odda, Ullensvang, Ulvik, Eidfjor, Granvin, Jondal) og for Voss kommune. I tillegg driv HVM eit nasjonalt senter for fartøyvern; Hardanger Fartøyvernsenter.

Husedalen i Kinsarvik (fottur)

Husedalen strekk seg frå Hardangervidda nasjonalpark til Kinsarvik. Her finn du fire majestetiske fossar som kastar seg nedover i ville stryk.

Dronningstien (fottur)

Denne spektakulære turen startar i Kinsarvik og endar på Lofthus.

Den går langs kanten på fjellet over sørfjorden og det er mange utsiktspunkt langs vegen. På veg ned til Lofthus går du Munketrappene.

Munketreppene (fottur)

Munketreppene vart laga av munkane i Opedal kloster.

Dei 616 store steintreppene startar på 650 meter over havet. Dei vart laga for hånd i det 13. århundre. På denne turen vil du også passere "Nosi", eit flott utsiktspunkt. Dette er eit fint utgangspunkt for turar på Hardangervidda.

Natur og sightseeing

  • Hardangervidda – Noregs tak.
  • Fjordsightseeing (i sommarsesongen)
  • «Norway in a Nutshell» inkl. Flåmsbana
  • Folgefonna Sommarskisenter
  • Rosendal (87 km): I juni 2001 opna Folgefonntunnelen, og med den nye mogelegheiter for dagsturar til Kvinnherad. Mellom anna til det einaste baroniet i Noreg, Baroniet i Rosendal, med sin fantastiske rosehage.


Museum og landemerker

  • Sima kraftverk

Industristadmuseet i Tyssedal, med den gamle kraftstasjonen frå 1916, damanlegget i Skjeggedal og den berømte stupbratte trallebanen til Mågelitopp.

  • Hardangervidda Natursenter Eidfjord, med Ivo Caprino sin 225° supervideograf.
  • Skredhaugen bygdemuseum (Greves samlingar)
  • Hardanger Folkemuseum, Utne

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no