Bookingreglar

Innsjekk på hytter er kl. 15:00, utsjekk seinast kl. 11:00
Innsjekk på campingplass er kl. 15:00, utsjekk seinast kl. 14:00

1.BOOKING AV HYTTER/LEILIGHEITER:

Desse bookingreglane gjeld som kontrakt for opphald på hyttene/leilegheitene våre.

Målet med reglane er å klargjera forholdet mellom den som bestiller overnatting og oss,


2.LEIGETAKAREN SITT ANSVAR

Den som bestiller må vera over 20 år. Dette gjeld òg for den som er ansvarleg på hytta/leilegheita under opphaldet.


3.BETALINGSVILKÅR

Billettar til Mikkelparken må bookast og betalast på nettsida vår.

Overnatting:

Me ynskjer at booking av overnatting skjer via vår online booking. Ved booking over telefon/mail vil det tilkomme eit manuelt bookinggebyr.
For online booking skjer betaling ved bestilling, ved å bruke kort eller Vipps. For booking over telefon/mail vil du få tilsendt ein betalingslink på e-post eller sms der du går inn og betaler med kort. Det er same avbestillingsvilkår om du booker online eller over telefon/mail.


4.AVBESTILLING/ENDRING

Billettar:
Grunna koronasituasjonen tilbyr me i år gratis avbestilling og endring av billetten fram til 14 dagar før ankomst. Avbestilling/endring etter dette er ikkje mogleg.
Endring av dato på billett er kun mogleg til datoar med ledig kapasitet, og prisskilnad kan tilkomme. Me refunderer ikkje mellomskilnaden dersom billettar vert flytta til dato med lågare billettpris.

Overnatting:
Avbestilling må skje seinast 14 dagar før ankomst. Refundering av forhåndsbetalt bestilling vert gjort innan 3 dagar. Ved avbestilling seinare enn 14 dagar før ankomst, vil ikkje leigesummen bli refundert, med mindre det i førvegen er betalt inn kr 295,- (hytte/leilegheit/luksustelt) eller 125,- (campingplass) i avbestillingsbeskyttelse.

Avbestilling og endring kan gjerast på tlf til 53671313.


5.AVBESTILLINGSFORSIKRING

Avbestillingsbeskyttelsen på kr 295,- pr. hytte/leilegheit/luksustelt og 125,- pr. campingplass kan ein bestilla på forhånd, gjerne samtidig med reservasjonen. Avbestillingsbeskyttelsen vert ikkje refundert. Avbestillingsbeskyttelse gjeld ikkje billettar til Mikkelparken, med mindre du har booka dei i samband med overnatting på Mikkelparken Ferietun.


6.ANDRE VILKÅR

Eige musikkanlegg må ikkje brukast slik at andre gjester vert uroa. Det er forventa at leigetakar tar hensyn til dei andre gjestene som er her. Dersom nokon uroar andre vil det verta påtale. Om ein ikkje rettar seg etter den, vil ein måtta forlata plassen og leigesummen vert i slike tilfelle ikkje refundert.

Øydelagt inventar, utstyr , annan skade eller mangelfull reingjøring kan verta etterfakturert.

Alkohol:
Det er ikkje tillatt å medbringe eller drikke alkohol i Mikkelparken.

Mikkelparken Ferietun:
Alkohol kan kun nytast på eige område (hytta, leilegheiten, luksusteltet eller campingplassen din). Me tilbyr alkoholservering i samband med Mikkelbuffet (høgsesong). I denne perioden kan du kjøpe alkohol i resepsjonen og nyte den i ein av gjestesalane våre eller på terrassen bak hovudbygnaden. Me er ein familiecamping, og alkohol er ikkje tillatt i fellesområde som til dømes bassengområde og leikeplass.

7.HUSDYR

Dyr er dessverre ikkje tillatt i hytter og leilegheiter.
Det er tillatt med husdyr i luskustelt mot eit ekstra gebyr som du legg til ved booking.

8.REINHALD OG UTSJEKK

Utvask av hytte, leilegheit og luksustelt er eit obligatorisk tillegg som vert lagt til i bookinga di. Før du sjekker ut, ynskjer me at du sorterer avfallet ditt på avfallsstasjonen vår bak resepsjonen. Dersom du har leigd sengetøy av oss, er det fint om du tar av dette og legg på golvet eller tilbake i posen.


9.FORBEHALD/FORCE MAJEURE

Hardangertun Hytter og Familiepark AS er ikkje ansvarleg for forhold utanfor vår kontroll.


10.RØYKEFORBUD

Det er ikkje lov å å røyka i hyttene/leilegheitane/luksustelta.


11.REKLAMASJON

Eventulle reklamasjonar under opphaldet skal rettast til personalet i resepsjonen, på tlf 53671313 eller e-post info@mikkelparken.no.


12.KUNDEDATA/PERSONOPPLYSNINGAR

Kundedata/personopplysningar blir ikkje blir delt med, eller solgt til ein tredje part. Alle kundedata/personopplysningar blir oppbevart i henhold til norsk lov. Mikkelparken kan sende deg informasjon angående produkt, tjenester eller hendingar som kan vere av interesse for deg ut i frå ditt kjøp.



13.Juridisk ansvarlig

Hardangertun Hytter og Familiepark AS er juridisk ansvarlig for kredittkort-transaksjonar gjort gjennom denne nettsida.

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no