Camping og telt mellom frukttrea i Hardanger
Campingplass Blå
Dei blå campingplassene er dei største me har. Dei er ca. 7 meter breie og 15 meter lange. Ideelle for store bubilar og lange campingvogner.
Straum er inkludert i prisen, og straumuttak finns i hytteveggane eller i stolpar plassert rundt på feltet.
Klikk her for å sjekke prisar og bestille plass
Campingplass Lilla
Plassene som er markert med lilla farge på kartet nedanfor, ligg idyllisk plassert mellom epletrea på ferietunet. Plassane er ca. 7 meter breie og ca. 10,5 meter lange.
Straum er inkludert i prisen, og det er plassert stolpar med straumuttak med jamne mellomrom på plassen.
Campingplass Gul
Dei gule plassane er dei minste campingplassane me har, og er ca. 7 meter breie og mellom 7-9 meter lange. Desse plassene ligg mellom hyttene og bilvegen, og kan ikkje reserverast på førehand.
Straum er inkludert i prisen, og straumuttak finns i hytteveggane.
Sanitære fasilitetar
På Mikkelparken Ferietun har me eit satinæranlegg med toalett, dusj, familierom og kjøkken tilgjengelig for alle våre campinggjester. Innanfor den grøne døra, finns det vaskemaskiner (polettar til sals i resepsjonen) og tørkeskap.
Moglegheiter for tømming av WC og gråvann er merka på kartet under.