Dette gjer me for at du skal oppleve trygge barndomsminner

Mikkelparken og Mikkelparken Ferietun føl situasjonen rundt COVID-19 nøye.

Me tilpassar oss råd og anbefalingar frå helsemyndigheitene, og me oppfordrar alle gjestene våre til å følgje dei nasjonale råda om å halde avstand på minst 1 meter til andre familiar, ha god handhygiene og praktisere gode hoste- og nysevanar. Gjester som er i karantene eller har symptom på sjukdom skal ikkje besøke Mikkelparken eller Mikkelparken Ferietun.


Oppdatert 24/5 2020


Våre smitteverntiltak på Mikkelparken Ferietun:


  • Bassenget på ferietunet er stengt grunna det nasjonale forbodet. Me håpar å kunne opne bassenget med naudsynte smitteverntiltak den 15. juni.
  • Vårt innandørs leikerom er stengt inntil vidare. Aktivitetstilbodet utandørs er skalert opp.
  • Me oppmodar gjester til å unngå unødvendige besøk i resepsjonen, og ringe oss dersom dei har spørsmål. Ser du at det er mange folk i resepsjonen, ber me deg vente utanfor.
  • Meir fokus på digital informasjon til gjester i forkant av og under besøk, for å minimera informasjonsbesøk i resepsjonen.
  • Me oppfordrar gjester til å betale opphaldet sitt på førehand og sender ut betalingslink. Dette for å unngå trengsel og kø i resepsjonen.
  • Skilt og markeringar for å oppfordre gjester til å halde avstand til kvarandre på heile området.
  • Auka fokus på reinhald på alle kontaktflater, aktivitetar og i resepsjonen. Hyppigare reinhald utført av personale, og fleire stasjonar for antibac og handvask. Plexiglas ved resepsjonsdisken.
  • Auka fokus på reinhald i overnattingseiningane. Alle kontaktflater i hytter/leilegheiter/luksustelt vert grundig desinfisert mellom kvar gjest.
  • Det er ikkje tillatt å ta med sovepose eller lakenpose i hyttene. Medbrakt sengetøy må vere vaska på minst 60 grader og ikkje brukt andre stader før ankomst til Mikkelparken Ferietun.
  • Me oppfordrar til kontantlaus betaling, og bruk av "tapping" og Vipps der det er mogleg.


Avbestilling/endring:

Så lenge Mikkelparken Ferietun og Mikkelparken er open for drift, vil våre normale avbestillingsreglar gjelde. I år har me valt å la avbestillingsreglane gjelde for inngangsbillettar til Mikkelparken òg. Dersom Mikkelparken ikkje opnar på planlagt dato, vil alle innbooka gjester bli kontakta med alternativ.



Våre smitteverntiltak i Mikkelparken


Opningstider

Mikkelparken vil følgje dei planlagte opningstidene frå 10:00 - 18:00, men opningsdato er utsatt til 6. juni.

Det er viktig at du har billetten din (kvitteringen med strekkode eller mikkelkort) klar for scanning ved ankomst til parken. Dersom du ikkje kan finne billetten din, kan du kontakte oss på telefon eller e-post i forkant av ankomst, så vil me hjelpe deg.


Antal gjester

Denne sommaren vil det vera eit maks antal personar i Mikkelparken samtidig. Alle billettar vil verte scanna, slik at me har god kontroll på antal gjester. Mikkelparken har eit areal på ca. 30 000 m2, og størstedelen er uteområde. Antal gjester me vil sleppe inn, vert vurdert ut frå storleiken på parken og kapasiteten på dei ulike attraksjonane og områda. Uansett minner me om at gjester må ta ansvar for å halde avstand til kvarandre.


Førehandskjøp av billettar

For å ivareta smittevernkrava, vil det vera eit begrensa antal gjester som slepp inn i parken kvar dag. Difor vil det denne sesongen kun vere moglegheiter for å kjøpe datofesta billettar på førehand. Billettar må kjøpast her: https://booking.mikkelparken.no


Grunna koronasituasjonen tilbyr me i år fri avbestilling og refusjon av billettar fram til 14 dagar før dato på billetten. Dersom du har bestilt billetten din saman med overnatting på Mikkelparken Ferietun, og du har kjøpt avbestillingsforsikring, vil denne gjelde for billetten òg.

Du kan endre dato på billetten din etter kjøp, så lenge det er ledig billettkapasitet på den nye datoen. Kontakt oss for hjelp til dette.


For å ha eit meir forutsigbart besøkstal, har me stengt salet av Mikkelkort Gull inntil vidare.

Dersom du ynskjer å bestille billett for ledsagar, kan du ta kontakt med oss på info@mikkelparken.no.


Mikkelkort Gull

Dei som allereie har kjøpt Mikkelkort Gull har blitt kontakta med ulike alternativ om avbestilling eller flytting av sesongkortet til 2021. Dei som vel å behalde sesongkortet, vil få utvida gyldigheita eit år fram i tid, og kan bruke kortet som normalt denne sesongen.


Vask hendene!

Handhygiene vil vere eit stort fokus i Mikkelparken i sommar. Me har laga ein ny stor handvaskstasjon utanfor inngangen, der me ber alle gjester om å vaske hendene før og etter besøket i Mikkelparken. Det vil finnast stasjonar for handdesinfeksjon på attraksjonar, spisestader og rundt om i parken. Det er fint om du tek med din eigen antibac til din familie.


Sjukdom/karantene - hald deg heime

Dersom du er sjuk eller i karantene, skal du ikkje besøke Mikkelparken. Dersom du er i risikogruppa, anbefaler me at du venter med å besøke oss til pandemien er over. Me praktiserer dei same reglane med våre medarbeidarar. Dersom du har førehandsbestilt billett og blir sjuk, ber me deg kontakte oss for å flytte billetten din til ein ny dato.


Ver saman med din familie, og hald avstand til andre familiar

For å unngå smitte, ber me deg om å halde din eigen familie samla, og at de har minst 1 meter avstand til andre familiar. Pass på at borna dine ikkje spring rundt på eigenhand, då det kan vere vanskeleg for barn å overhalde 1-meters regelen.


Ekstra reinhald

Denne sommaren har me naturlegvis eit auka fokus på reinhald. Alle våre leikeapparat vil bli desinfisert dagleg, og det vil vere moglegheiter for handdesinfeksjon før og etter bruk. Nokre av attraksjonane vil bli desinfisert mellom kvar gjest, og andre etter faste intervallar. Toalett, garderobar og stellerom vert reingjort hyppigare enn før. Me set likevel pris på at du og din familie praktiserer god handhygiene.


Hjelp dine eigne barn

For å unngå unødvendig kontakt med våre medarbeidarar, vil me på nokre plasser be om at foreldra hjelper sine eigne born. Dette er til dømes ved bilbanen eller bumpebåtane, der foreldra kan hjelpe med å løfte borna inn og ut frå bilane/båtane. Helsemyndigheitene har meddelt at det er smittevernmessig forsvarleg at våre medarbeidarar, utan bruk av ekstra smittevernutstyr, i korte øyeblikk kan vere nærmare enn 1 meter frå gjestene ved evakuering av attraksjonar og ved sjekk av sikkerheitsutstyr på aktivitetane.


Hald avstand

1-meters regelen er ei nasjonal retningslinje som gjeld over heile Noreg. Me har laga til avstandsmarkeringar der me forventar kø, og familiesirklar med minst èin meter mellom kvar. Me ber alle om å respektere denne avstanden, og gå til neste sirkel når den er ledig. Foreldre må ta ansvar for at deira eigne barn held denne avstanden til andre.


Attraksjonane

Dei fleste av attraksjonane og aktivitetane vil vere i ordinær drift, men me har satt visse avgrensingar for å unngå nærkontakt og for å tilrettelegge for reinhald. Ubetjente leikeapparat vil bli reingjort og desinfisert dagleg, og det vil finnast antibac stasjonar eller handvask i nærleiken. Fleire av desse tilboda kan difor benyttast med forventning om at gjestene vaskar eller desinfiserer hendene før og etter bruk og held avstand til andre. Alle dei betjente attraksjonane vil ha auka fokus på reinhald.


Følgjande attraksjonar vil halde stengt fram til det er utarbeida metodar for forsvarleg smittevern. Så lenge attraksjonene er stengt, vil me prøve å ha alternative aktivitetar på desse plassene.

  • Badebassenga. Opnar 20 juni.
  • Leikeapparatet i Karibia - her vil det i staden vere ein betjent Klipp-og-lim stasjon, der borna kan teikne bursdagsteikningar til Mikkel, og lage bursdagskruner til Bursdagsfesten/Jubileumsshowet
  • Legoteltet
  • Sandhytta
  • Teiknehytta - Her vil det bli eit stille og roleg ammerom
  • Skoskogen leikeapparat (den store sklia vil vere open)
  • På bondegården vil det ikkje bli mogleg å klappe kaninene eller gå inn til geitene, men ein kan sjå og helsa på dei.


Mattilbod i Mikkelparken

Skoskogen kafè:

Vil vere open med servering av pizza, pølser og ulike “grab and go” produkter. Salatbaren er me diverre pålagt å halde stengt, men det vil finnast ferdiglaga salatar ein kan kjøpe. Kaffi, brus, slush og vatn, samt noko søtt til kaffien kan kjøpast her. Barnemat og mikrobølgeovn til oppvarming av mat. Sjølvbetjente kassar, så kun kontantfri betaling.


Solkroa (ved inngangen):

Vil vere open for tallerkenservert buffet (du kan ikkje forsyne deg sjølv, men våre medarbeidarar vil hjelpe deg). Du kan få servering fleire gonger, som i ein vanleg buffet. Sjølvbetjent kasse, så kun kontantfri betaling.


Ubemanna kiosk ved Bilbanen, Tropefryd og Teikneterrassen der du kan kjøpe is, brus, kaffi og noko søtt.

Det er lov å ta med eigen mat inn i parken, og me har 2 gassgrillar du kan låne gratis. Det er ikkje tillatt med eingongsgrill i Mikkelparken.


Inngangen til parken er den einaste bemanna kassen der me tek imot kontantar. Me vil helst unngå betaling med kontant dette året, så me oppfordrar til å bruke kort alle plassar.

Underhaldning

Våre show og framsyningar må rette seg etter restriksjonane frå myndigheitene om “offentlege arrangement”, så det vil vere maks 50 personar tillatt på framsyningar i Mikkelparken fram til 15. juni, og maks 200 personar frå 15. juni. Me vil teikne opp familiesirklar slik at det er lettare å oppretthalde avstand til andre familiar.

Ettersom det er vanskeleg å avgrense publikum til kun 50 personar ved utescena, vil me arrangere show inne i Teateret i perioden før 15. juni.

Tuttetid med Mikkeline vil gjennomførast, men det vert dessverre ikkje høve til nærkontakt med Mikkeline eller nokre av dei andre maskotane. Det vil bli høve til å ta bilete med maskotane, utan fysisk kontakt. Me håper foreldre hjelper borna med å halde avstand.


Smittestopp app

Me oppfordrar gjestene våre til å laste ned helsemyndigheitene sin app Smittestopp og ha den aktiv under parkbesøket. Dette vil gjere eventuell smittesporing lettare i ettertid.


Me vil oppdatere denne sida løpande etter kvart som det kjem ny informasjon frå myndigheitene og etter eigne vurderingar. Kontakt oss gjerne på info@mikkelparken.no eller tlf. 53671313 dersom du har spørsmål du ikkje fekk svar på her.