Familiehytte (6 sengeplassar)

Carousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel image

Familiehytte (6 sengeplassar) med og utan fjordutsikt

Familiehytter med 6 sengeplassar på ca. 50 m2. Her får du to soverom med familiekøyeseng og eitt bad.

Hyttekjensla er bevart med klassisk trepanel på vegger og tak. Innslag av lyse og komfortable møblar og detaljar gjev hytta eit meir moderne preg. Dette er våre minste hytter, men med god nok plass til å romme dei fleste familiar.

Kvar hytte har to soverom med familiekøyeseng og eitt bad med dusj og toalett. På kjøkkenet finn du kjøleskap, oppvaskemaskin, komfyr og steikeovn samt mikrobølgeovn. Dei er utstyrte med kaffitraktar og vasskokar, og det du treng for å lage dine eigne måltid på hytta.

Spisebord med plass til 6 personar og ei sittegruppe med smart-TV gjev eit godt utgangspunkt for hyggeleg familiesamvær.

Hyttene med fjordutsikt har ein terrasse som vender mot Hardangerfjorden

Hyttene utan fjordutsikt har ein terrasse som vender inn mot Ferietunet og campingplassane.


  • Opp til 6 sengeplassar
  • Dyr ikkje tillatt
  • Dyner og puter til alle sengene er i hyttene
  • Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige hjå oss
  • Det er barnestol i leilegheitene og hyttene, og barnesenger til utleige.
  • Vask er ikkje inkludert prisen. Kan bestillast saman med overnattinga.
  • Gratis WiFI
  • Det kan vere små trapper og nivåskilnader ved inngangspartiet og inne i hytta

Sjå prisar og ledig kapasitet her