Familiehytte (8 sengeplassar)
Familiehytte (8 sengeplassar) med og utan fjordutsikt
Våre største hytter på heile 70m2 har to soverom, hems og to bad og finns både med og utan fjordutsikt!
Passar til storfamilien, dei som reiser fleire familiar ilag eller dei som ynskjer god plass på ferien!
Kvar hytte har to soverom med familiekøyeseng og ein hems med to enkeltsenger. På kjøkkenet finn du stort kjøleskap, oppvaskemaskin, komfyr og steikeovn samt mikrobølgeovn. Dei er utstyrte med kaffitraktar og vasskokar, og det du treng for å lage dine eigne måltid på hytta.
Spisebord med plass til 8 personar og ei stor sittegruppe med smart-TV i ei open planløysing gjev eit godt utgangspunkt for hyggeleg familiesamvær.
Hyttene kan bestillast med eller utan fjordutsikt. Med fjordutsikt vil du få ein balkong som vender mot elva Kinso og Hardangerfjorden. Utan fjordutsikt vil du ha ein terrasse som vender inn mot ferietunet.
Opp til 8 sengeplassar
Dyr ikkje tillatt
Dyner og puter til alle sengene er i hyttene
Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige hjå oss
Det er barnestol i leilegheitene og hyttene, og barnesenger til utleige.
Vask er ikkje inkludert prisen. Kan bestillast saman med overnattinga.
Gratis WiFI