Ferie og overnatting










Me i Mikkelparken har vårt eige ferietun med leiligheiter, hytter og teltplassar like ved parken. Det er også mange andre gode overnattingstilbod i Kinsarvik.

Overnatting Mikkelparken Ferietun Kinsarvik

Mikkelparken Ferietun

Like over vegen for Mikkelparken ligg Mikkelparken Ferietun, Vakkert til ved Hardangerfjorden. Her kan de overnatta i hytter, leiligheiter, campingvogn, bubil eller telt.

Er du glad i å bada? Då kan du prøva deg på det store bassenget vårt. På Mikkelparken Ferietun er det leikeområde både ute og inne me bl.a. leikeapparat, bordtennis, gravemaskin og minigolf.

Midt på sommaren har me "Mikkelbuffet" kvar kveld, med mykje god mat å velja i. Etterpå er det sang og dans med Mikkel og venene. I resepsjonen finn du Mikkel sin leikebutikk. Dersom de ønsker å grilla får de låna grill gratis i resepsjonen. Spar Kinsarvik ligg 200 m frå Mikkelparken Ferietun.

Kinsarvik Camping Overnatting

Kinsarvik Camping

Kinsarvik Camping ligg ca 500 m frå Mikkelparken , på ein høgde over Kinsarvik sentrum med flott utsikt over fjorden. Du kan overnatta i hytter, campingvogn, bubil eller telt.

Det er mange familiar med barn som bur her, så det er lett å finne nokon å leike med. På leikeplassen er det derfor mykje liv og røre, og mellom anna ei kjempestor hoppepute.

Kinsarvik Camping har også båtutleige. Spar Kinsarvik ligg 100 meter frå Campingplassen.

Lofthus Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang

Køyrer du 10 km frå Kinsarvik, kjem du til Lofhus og Hotel Ullensvang. Hotellet liknar eit moderne slott , og her har både ekte dronningar, prinsar og prinsesser budd.

På hotellet kan du bade inne og ute i det flotte oppvarma badeanlegget med symjekanal. På stranda kan du byggja sandslott, spela tennis, eller leika i det spanande leikerommet.

Du kan bada i sjøen eller hoppe på vasstrampolina eller låna robåt og ta ein tur på fjorden.

Lofthus camping, Isbre, booking, overnatting, book, Hytter, leiligheter, leiligheitar, camping, campingbil, campingvogn, telt, Ferie, Ferietur, Sommerferie, Sommarferie, Barneferie, Familieferie, Morroferie, Tur, Ferieaktivitet, Ferieaktiviteter, Vestlandsferie, Vestlandet, Hardanger, Ullensvang, Kinsarvik, Hardangerfjorden, Sørfjorden, Fjordnorge, Fjord, leik, lek, utsikt

Lofthus Camping

Lofthus Camping ligg på ein høgde over Lofthus sentrum, midt mellom frukttrea, og ca 10 km frå Mikkelparken.

Dei har hytter i ulike storleikar, campingplass, leikeplass, båtutleige og kort veg til eigen badestrand ved fjorden. I 2017 kan Lofthus Camping skilta med flotte nye familiehytter med topp standard og ein fantastiks utsikt over sørfjorden.

Har du prøvd å plukke frukt rett frå trea før? På Lofhtus Camping kan du sjølv plukke moreller frå dei mange frukttrea dei har - heilt gratis.

Ullensvang Gjesteheim Lofthus

Ullensvang Gjesteheim

På Lofthus finn du Ullensvang Gjesteheim. Eit koseleg, stort raudt hus med fin uteplass.

Dei har nyoppussa familierom med plass til heile familien. Dei serverer både frukost og middag i restauranten. Menyen er ein smakfull blanding av norske og thailandske rettar.

Både inne, og ute på Ullensvang Gjesteheim finn du mange flotte, gamle ting.

Lofthus Hostel B&B Overnatting

Hardanger Hostel B&B

Hardanger Hostel B&B er eit stort hostel som ligg idyllisk plassert i den vakre fruktbygda Lofthus, ca. 10 km frå Mikkelparken, med frukthagar og vakker natur overalt.

Her vil du oppleva stor gjestfrihet og tilsette som jobbar hardt for å laga ei koseleg atmosfære slik at opphaldet skal bli så fint som mogleg. Hardanger Hostel B&B tilbyr rimeleg overnatting, rom med to senger på kvart rom.

First Hotel Kinsarvik

First Hotel Kinsarvik

I sentrum av Kinsarvik ligg First Hotel, ca 300 m frå Mikkelparken. Hotellet har 70 rom med utsikt til fjorden eller fjellet, så her er plass til mange Mikkelparken-gjester.

Dei har òg eit stort leikerom, og restaurant med eigen meny for barn. Er du glad i å sykla eller å fiska? Då kan du gratis låna hotellet sine syklar og fiskeutstyr.

Huse gjestegard

Huse Gjestegard

Huse Gjestegard ligg ca 300 m frå Mikkelparken , på ein høgde over Kinsarvik sentrum med flott utsikt over fjorden.

Opplev gleden av å våkne i ett herskapelig gardshus med rom som har navn henta frå gardens historie og miljø, kvart rom har sin egen stil og sjarm.

For barnefamiliar vil me anbefale å bu på Rinden, her har barna god plass til å leike og utforske eit gamalt tun frå 1850.

Lutro Hytteutleige Hytter

Lutro Hytteutleige

Lutro Hytteutleige er ein familiebedrift som driv utleige av 3 ulike feriebustader i tillegg til drift av fruktgard med moreller, plommer og eple.

Lutro ligg ca 5 km frå Mikkelparken, midt i mellom Kinsarvik og Lofthus.

Dei tre utleigeobjekta er ulike, men er alle svært sjarmerande på kvar sin måte. Ynskje og mål med utleigeverksemda er å tilby gode alternativ til hotell og campingovernatting i rolege omgivnader.

Adresse: Lutro, 5781 Lofthus

Tlf: 99 45 60 20 (kontaktperson Anne-Sofie Lutro)

Aktivitetar i nærområdet

Kajakk utleie Hardangerfjorden

Hardangerfjord kajakkutleige

Kombiner fjorden med fantastiske fjellturar og nyt utsikt over blant anna Folgefonna frå kajakk

Hardangervidda Natursenter museum

Hardangervidda Natursenter

Utforsk det beste av norsk natur

Hardangervidda Natursenter Eidfjord er et moderne natur- og kulturhistorisk opplevelsessenter. Se utstillinger, dioramaer, interaktive stasjoner, utradisjonelle akvarium, temavideoer og illustrerende plansjetekster.

Sjå nærare på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspelet mellom kultur og miljø. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære blir du sjøl ein aktiv og kreativ del av utstillinga.

Det meste under eit tak

Trengs det handling? Ca. 100 meter frå Mikkelparken Ferietun finn du Mass Hus AS - SPAR, sentralt plassert i Kinsarvik. Her finn du det meste under eit tak - stort utval av daglegvarer, maling og jernvare, klesavdeling med dame, - herre,- og barnekle, sko, leiker kjøkken- og husholdningsartiklar, interiør, garn, quiltestoff, gardiner, sengesett og mykje meir.


Åpningstider:

Mandag - Fredag 08:00 - 20:00

Lørdag 08:00 - 18:00

Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum

Gode opplevingar å bryne seg på!

Museet byr på stor tematisk breidde og dekkjer eit stort geografisk område. I tillegg til Kulturhistorisk museum omfattar Hardanger og Voss museum Kunsthuset Kabuso. Ingebrit Vik museum og Agatunet. Museet er regionsmuseum for dei sju hardangerkommunane (Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik, Eidfjord, Granvin, Jondal) og for Voss kommune. I tillegg driv HVM eit nasjonalt senter for fartøyvern; Hardanger Fartøyvernsenter.

Kinsarvik gokart

Kinsarvik Go-kart

Garanterar deg fart og spenning frå start til slutt!

Gløyp spiseri resturant

Gløyp spiseri

Lokal mat fra Hardanger. Konseptet er kommunikasjon, sårbarhet, følelser og historier!

Det handler mye om å kommunisere mellom oss og våre gjester. Derfor legger vi oss på ett nivå som alle kan føle seg bekvem med!

I mitt kjøkken er jeg best når jeg er sårbar, vi tar på våres og deres følelser hver gang vi serverer dere retter der vi provoserer og elementene er nye, men vi ønsker å være der fordi vi ønsker å gjøre deres valg av oss til en opplevelse!

Mat spiller på følelser, utfordringer og masse av glede, en skal vite at hver gang vi serverer en rett til våre gjester er det som om det skal være personlig og bare til deg.

Tlf: 928 55 094

Tripadvisor, Gløyp
Facebook, Mikkelparken
Instagram, Mikkelparken
Youtube, Mikkelparken
Tripadvisor, Mikkelparken

Mikkelparken AS

Kinsarvik

Norway

Kontakt oss

Telefon 53671313

info@mikkelparken.no