Kurs og seminar


Er du ute etter eit kurs litt utanom det vanlege? Mikkelparken Ferietun ligg sentralt til i Hardanger, like ved fjorden, og gjev ei perfekt ramme rundt møtet eller seminaret.

Me har fleire møterom med projector, lerret og flipover. Kva med fjellklatring, bogeskyting eller ein padletur på fjorden som pauseaktivitet? Me kan by på overnatting i flotte hytter og leilegheiter. - og me serverer god, heimelaga mat.


Kurslokale

Hardangertun har tre gjestestover i ulik størrelse: Hardingstova, Kinsostova og Fjordstova som alle er lyse og fine med ein lun atmosfære.

Gjestestovene vert mykje nytta til både små og store møter, seminar, bryllaup, barnedåp, konfirmasjon, slektsstemne og som øvingslokale for kor/korps på helgeseminar. Ta gjerne kontakt for tilbod på: info@mikkelparken.no eller tlf. 53 67 13 13.


Øvingshelg

Mikkelparken Ferietun har tre gjestestover i ulik størrelse: Hardingstova, Kinsostova og Fjordstova som alle er lyse og fine med ein lun atmosfære. Gjestestovene vert mykje nytta til både små og store kor/korps på helgeseminar. Ta gjerne kontakt for tilbod på: info@hardangertun.no eller tlf. 53 67 13 13.

Hyttetunet har fleire øvingslokale, i tillegg til diskotek, boblebad og utandørs (oppvarma) badebasseng.

Slektsstemne og familiearrangement

Planlegg du slektsstemne, bryllaup, barnedåp eller konfirmasjon? Mikkelparken Ferietun har kapasitet til å servera mat for inntil 200 personar, og har ein overnattingskapasitet på 240 personar.

Prisar for kurs og seminar i 2017

Full pensjon inkluderar frukost og lunsj på hyttene og middag kvar kveld i gjestestovene. Dette inkluderar: - øvingsrom - frukost på hyttene - lunsj på hyttene - middag i gjestestovene - overnatting

Full pensjon pr. døgn (min. 2 døgn i 2017) pr pers.:

Under 14 år: kr 449,-

14 - 17 år: kr 479,-

over 17 år: kr 489,-

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no