Overnatting







Mikkelparken Ferietun ligg vakkert til mellom fjella ved Hardangerfjorden. Her kan de overnatta i hytter, leilegheiter, campingvogn, bubil eller telt.

Leilegheit

55 m2, (to soverom og to bad) med inntil 6 sengeplassar

Like ved badebassenget har me åtte leilegheiter, fire i 1. etasje og fire i 2. etasje.

Leilegheitene har stove med kabel-TV, to soverom og to bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap.

Begge soveromma har familiekøyeseng.

Familiehytte 8 personar

70 m2, (to soverom, hems og to bad) med inntil 8 sengeplassar

Hyttene har stove med kabel-TV, to soverom, hems, to bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap.

Soveromma har familiekøyeseng og hemsen har to enkeltsenger

Medium hytte, 8 sengeplasser

60 m2, (tre soverom og bad) med inntil 8 sengeplassar . NB! Me har kun ei hytte i denne storleiken!

Hytta har stove med kabel-TV, tre soverom, eit bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap.

Det eine soverommet har familiekøyeseng, det andre har to køyesenger og det tredje har to enkeltsenger.

Familiehytte, 6 sengeplasser

50 m2, (to soverom og bad) med inntil 6 sengeplassar

Hyttene har stove med kabel-TV, to soverom, eit bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskemaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap.

Soveromma har familiekøyeseng.

Luksustelt i Frukthagen. 6 sengeplassar

Luksusteltet har stove med kjøkken, to soverom, eit bad og utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, mikrobølgeovn, og kjøleskap. Soveromma har familiekøyeseng. Det er panelovn i teltene.

Dyner og puter til alle sengene er i teltet. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige.

Me har nettilbod på både sengetøy og utvask. Det er dessverre ikkje tillatt med dyr i teltene. Gratis internett.

Telt og camping

Campingprisar 2019

Lilla plassar: Lågsesong 275,- pr. døgn, høgsesong 435,- pr.døgn

Blå plassar: Lågsesong 275,- pr. døgn, høgsesong 445,- pr.døgn

Dusj, strøm, WiFi, minigolf og badebasseng inkludert

Det er mogleg å forhåndsbestilla plass på vår camping. Gå til online booking.

Generell informasjon om Mikkelparken Ferietun

  • Dyner og puter til alle sengene er i hyttene.
  • Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige.
  • Det er barnestol i leilegheitene og hyttene, og barnesenger til utleige.
  • Vask er ikkje inkludert prisen. Me har nettilbod på både sengetøy og utvask.
  • Det er dessverre ikkje tillatt med dyr i leilegheitene, hyttene eller luksustelta.
  • Gratis internett

Mikkelparken Ferietun

Kinsarvikvegen 64

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no