Kva skjer i Mikkelparken?

Alle barn skal ha det kjekt i Mikkelparken

-Me vil at alle skal koma heim med gode sommarminne-

Underhaldning

Kvar dag er det show og dokketeater med Mikkel og venene ved sceneteltet og i teateret. Her er det leik og moro med song, musikk, dans og bevegelse. Her finn du klokkeslett for underhaldinga i Mikkelparken 2019: Les meir



Lek i Karibia Mikkelparken

Full fart i SkoSkogen og Karibia

Skoskogen og Karibia er innandørs leikeland i Mikkelparken.

Her kan du klatra, skli, springa, hoppa, krypa og balansera i labyrintar. Blant tre, soppar og Mikkel sine sko i SkoSkogen, eller i eksotiske maritime omgivnader i Karibia.

Bada, svømma og spruta i Tropefryd

Tropefryd er Mikkel sitt eige badeland med tropevarmt vatn, tre basseng, spruteanlegg og vannrutsjebanar. Her kan du bade og leike med vatn i all slags vær.

Vatn er kjekt, ikkje sant?


klatring jungelløype Mikkelparken

Klatra, balansera, skli og hoppa i Jungelløypa

Utfordrande og artig jungelløype i skogen med hengebruer, klatrenett, taubruer og slengtau.

Gullgraving i Mikkelparken

Leiter du, så finn du

Gullgraving

Leit og sjå om du kan finna gullklumpar i sanden. Dersom du finn gull, og er under 13 år, får du ein flott premie levert av Hardanger Bestikk.

Juvelbekken

Finn ekte skinnande juvelar i Juvelbekken, og lære namnet på dei med juvelkartet.


Båtar

Trø deg ein runde i dammen med Andetrøbåtane, ha vatnkrig i Krasjbåtane med sprut, eller prøv å styre dei radiostyrte båtane i Jungelcruisdammen. For dei minste er det rolege Mikkel-bumpebåtar i basseng med liten djupleik.

Biler på bilbanen i Mikkelparken

Bilar

Ein heilt ny bilbane med godteri-tema. Køyr deg ein tur i el-bilar, blant slikkepinnar og karameller, i snegletempo eller bånn gass.

Vær sjefen bak rattet på fjernstyrte bilar på radiobilbanen.


Mikkeltoget i Mikkelparken

Mikkeltoget


Toget er ei gåve til Mikkel frå alle venene hans.

Mikkeltoget tar deg med på ein rundtur i Mikkelparken. Er du heldig, møter du kanskje Mikkel eller ein av venene på toget.


Bondegården i Mikkelparken

Hels på dyra på Mikkelgarden

Her er det kaniner, marsvin, høner, hanar og geiter.

Mellom kl. 12.00 og 15.00 kan de få halde, klappa og kosa med dei.

Facebook, Mikkelparken
Instagram, Mikkelparken
Youtube, Mikkelparken
Tripadvisor, Mikkelparken
Familiepark logo

Mikkelparken AS

Kinsarvik

Norway

Kontakt oss

Telefon 53671313

info@mikkelparken.no