Mikkelfondet

Visjonen til Mikkel er å skape gode barndomsminne. Ikkje berre for dei gjestene som besøkjer Mikkelparken, men også for andre som treng det. Mikkel bryr seg særleg om korleis barn har det, og difor starta han Mikkelfondet.

Kvart år vert 5% av inntektene frå sal av Mikkelprodukt satt av til Mikkelfondet.

Kvart år donerer Mikkel heile Mikkelfondet til veldedige formål som arbeider med å gjera levekåra for barn betre. Det er alle medarbeidarane i Mikkelparken som bestemmer kven Mikkelfondet skal gå til kvart år.

Kven har Mikkelfondet støtta?

Mikkelfondet 2021 vart donert som ei julegåve på 50 000,- til Barnekreftforeningen. Barnekreftforeningen er ein sjølvstendig, landsdekkande organisasjon som vert driven av familiar som har eller har hatt barn med kreft. Foreningen fungerer som støttepartner og informasjonskjelde for familiar som vert ramma av barnekreft. Samtidig er dei ein stor pådrivar i Noreg til å setje fokus på barnekreft i media og samfunnet.

Folgefonna Future for Children, FFC, arbeidar for å fremja barns levekår og utdanningsmoglegheiter i Afrika. Agnes Iren Lothe, grunnleggjar av organisasjonen, reiser fleire gongar årleg til Afrika saman med andre frivillige. Blant anna tar dei med seg klær sko og briller til barna, pusser opp skulelokale og leverer ut skulemateriell, vaksinerer barn mot polio og besøker lokale sjukehus. Mikkel har i fleire år vore med og bidratt til at FFC skal kunne fortsetje det viktige arbeidet sitt, gjennom bl.a. å gi sokkar og pengar som FFC kan ta med seg til barna. Dersom du kjøper eit Mikkelprodukt med Mikkelfond-merket på seg, går noko av pengane til FFC.

Mikkel gav i 2020 deler av Mikkelfondet til Sykehusklovnene. Sykehusklovnene bidrar til større livsglede og meistring av ein vanskeleg sjukehuskvardag for born og unge i ein utfordrande situasjon. Klovnane sitt nærvær kan føre til betre og raskare løysing av behandlingar, og ikkje minst viser forskning at latter og glede reduserer smerte, styrker immunforsvaret og bidrar til mindre stress

Redd Barna kjempar for born sine rettar og for at born skal leve eit verdig liv – uansett kvar dei bur. Dei kjempar for at alle born skal få innfridd sine rettar til skule, beskyttelse, helse og mat, og med eit håp om framtida. Mikkelparken bidrog i 2020 til Redd Barna sin kampanje «Den store juledugnaden». Bidrag til kampanjen var med å sikre varme og tryggleik for born som lev i krig, nød og kulde. Mat, klede og ein trygg stad å vere

Mikkelparken donerte deler av Mikkelfondet til TV-aksjonen i 2020, som gjekk til WWF og kampen for å bekjempe plast i havet.