Overnatting










Mikkel har sitt eige ferietun med leiligheiter, hytter og teltplassar like ved Mikkelparken

Mikkelparken Ferietun

Like over vegen for Mikkelparken ligg Mikkelparken Ferietun, rett ved Hardangerfjorden. Her kan de overnatta i hytter, leilegheiter, campingvogn, bubil eller telt.

På Mikkelparken Ferietun er alle barn ekstra velkomne. Her er det leikeområde både ute og inne med bl.a. leikeapparat, bordtennis, gravemaskin og minigolf. Er du glad i å bada? Då kan du prøva deg på det store bassenget vårt som har oppvarma vatn. Mikkelparken Ferietun har ein eigen Mikkel- leikebutikk der du finn alt du treng til leik og moro på ferie.

Midt på sommaren har me smakfull "Mikkelbuffet" kvar kveld, med mykje god mat å velja i. Etterpå er det sang og dans med Mikkel og venene.

Dersom de ønsker å grilla får de låna grill gratis i resepsjonen. Treng du å handle, ligg Spar Kinsarvik ca. 200 meter frå Mikkelparken Ferietun.

Anna overnatting i nærleiken av Mikkelparken

Kinsarvik Camping

Kinsarvik Camping ligg ca 500 m frå Mikkelparken , på ei høgd over Kinsarvik sentrum med flott utsikt over fjorden. Du kan overnatta i hytter, campingvogn, bubil eller telt.

Det er mange familiar med barn som bur her, så det er lett å finne nokon å leike med. På leikeplassen er det derfor mykje liv og røre, og mellom anna ei kjempestor hoppepute.

Kinsarvik Camping har også båtutleige. Spar Kinsarvik ligg 100 meter frå Campingplassen.

Lofthus Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang

Køyrer du 10 km frå Kinsarvik, kjem du til Lofhus og Hotel Ullensvang. Hotellet liknar eit moderne slott , og her har både ekte dronningar, prinsar og prinsesser budd.

På hotellet kan du bade inne og ute i det flotte oppvarma badeanlegget med symjekanal. På stranda kan du byggja sandslott, spela tennis, eller leika i det spanande leikerommet.

Du kan bada i sjøen eller låna robåt og ta ein tur på fjorden.

Lofthus camping, Isbre, booking, overnatting, book, Hytter, leiligheter, leiligheitar, camping, campingbil, campingvogn, telt, Ferie, Ferietur, Sommerferie, Sommarferie, Barneferie, Familieferie, Morroferie, Tur, Ferieaktivitet, Ferieaktiviteter, Vestlandsferie, Vestlandet, Hardanger, Ullensvang, Kinsarvik, Hardangerfjorden, Sørfjorden, Fjordnorge, Fjord, leik, lek, utsikt

Lofthus Camping

Lofthus Camping ligg på ei høgd over Lofthus sentrum, midt mellom frukttrea, og ca 10 km frå Mikkelparken.

Dei har hytter i ulike storleikar, campingplass, leikeplass, båtutleige og kort veg til eigen badestrand ved fjorden. Flotte familiehytter med topp standard og ein fantastisk utsikt over sørfjorden.

Har du prøvd å plukke frukt rett frå trea før? På Lofhtus Camping kan du sjølv plukke moreller frå dei mange frukttrea dei har - heilt gratis.

Ullensvang Gjesteheim Lofthus

Ullensvang Gjesteheim

På Lofthus finn du Ullensvang Gjesteheim. Eit koseleg, stort raudt hus med fin uteplass.

Dei har nyoppussa familierom med plass til heile familien. Dei serverer både frukost og middag i restauranten. Menyen er ein smakfull blanding av norske og thailandske rettar.

Både inne, og ute på Ullensvang Gjesteheim finn du mange flotte, gamle ting.

Lofthus Hostel B&B Overnatting

Hardanger Hostel B&B

Hardanger Hostel B&B er eit stort hostel som ligg idyllisk plassert i den vakre fruktbygda Lofthus, ca. 10 km frå Mikkelparken, med frukthagar og vakker natur overalt.

Her vil du oppleva stor gjestfrihet og tilsette som jobbar hardt for å laga ei koseleg atmosfære slik at opphaldet skal bli så fint som mogleg. Hardanger Hostel B&B tilbyr rimeleg overnatting, rom med to senger på kvart rom.

First Hotel Kinsarvik

First Hotel Kinsarvik

I sentrum av Kinsarvik ligg First Hotel, ca 300 m frå Mikkelparken. Hotellet har 70 rom med utsikt til fjorden eller fjellet, så her er plass til mange Mikkelparken-gjester.

Restaurant med eigen meny for barn. Er du glad i å sykla eller å fiska? Då kan du gratis låna hotellet sine syklar og fiskeutstyr.

Huse gjestegard

Huse Gjestegard

Huse Gjestegard ligg ca 300 m frå Mikkelparken , på ei høgd over Kinsarvik sentrum med flott utsikt over fjorden.

Opplev gleden av å våkne i eit herskapeleg gardshus med rom som har namn henta frå gardens historie og miljø, kvart rom har sitt eige stil og sjarm.

For barnefamiliar vil me anbefale å bu på Rinden, her har barna god plass til å leike og utforske eit gamalt tun frå 1850.

Lutro Hytteutleige Hytter

Lutro Hytteutleige

Lutro Hytteutleige er ei familiebedrift som driv utleige av 3 ulike feriebustader, i tillegg til drift av fruktgard med moreller, plommer og eple.

Lutro ligg ca 5 km frå Mikkelparken, midt mellom Kinsarvik og Lofthus, i rolege omgivnadar.

Dei tre feriebustadane er ulike, men svært sjarmerande på kvar sin måte. Her finn de gode alternativ til hotell- og campingovernatting.

Aktivitetar i nærområdet

Kajakk utleie Hardangerfjorden

Hardangerfjord kajakkutleige

Kombiner fjorden med fantastiske fjellturar og nyt utsikt til blant anna Folgefonna frå kajakk.

Hardangervidda Natursenter museum

Hardangervidda Natursenter

Utforsk det beste av norsk natur

Hardangervidda Natursenter Eidfjord er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevelsessenter. Sjå utstillinger, dioramaer, interaktive stasjonar, utradisjonelle akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar.

Sjå nærare på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspelet mellom kultur og miljø. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære blir du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillinga.

Det meste under eit tak

Trengs det handling? Ca. 200 meter frå Mikkelparken Ferietun finn du Mass Hus AS - SPAR, sentralt plassert i Kinsarvik. Her finn du det meste under eit tak - stort utval av daglegvarer, maling og jernvare, klesavdeling med dame, - herre,- og barnekle, sko, leiker kjøkken- og husholdningsartiklar, interiør, garn, stoff, gardiner, sengesett og mykje meir.

Åpningstider:

Måndag - Fredag: 08:00 - 20:00

Laurdag: 08:00 - 18:00

Søndag: 12:00-18:00 (01.07-12.08)

Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum

Gode opplevingar å bryne seg på

Museet byr på stor tematisk breidde og dekkjer eit stort geografisk område. I tillegg til Kulturhistorisk museum omfattar Hardanger og Voss museum Kunsthuset Kabuso. Ingebrit Vik museum og Agatunet. Museet er regionsmuseum for dei sju Hardangerkommunane Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik, Eidfjord, Granvin, Jondal, og for Voss kommune. I tillegg driv HVM eit nasjonalt senter for fartøyvern; Hardanger Fartøyvernsenter.

Kinsarvik Go-kart

Garanterar deg fart og spenning frå start til slutt!

Gløyp spiseri resturant

Gløyp spiseri

Lokal mat fra Hardanger. Konseptet er kommunikasjon, sårbarhet, følelser og historier

"Det handler mye om å kommunisere mellom oss og våre gjester. Derfor legger vi oss på et nivå som alle kan føle seg bekvem med

I mitt kjøkken er jeg best når jeg er sårbar, vi tar på våres og deres følelser hver gang vi serverer dere retter der vi provoserer og elementene er nye, men vi ønsker å være der fordi vi ønsker å gjøre deres valg av oss til en opplevelse!

Mat spiller på følelser, utfordringer og masse av glede, en skal vite at hver gang vi serverer en rett til våre gjester er det som om det skal være personlig og bare til deg."

Tlf: 928 55 094

Tripadvisor, Gløyp
Facebook, Mikkelparken
Instagram, Mikkelparken
Youtube, Mikkelparken
Tripadvisor, Mikkelparken

Mikkelparken AS

Kinsarvik

Norway

Kontakt oss

Telefon 53671313

info@mikkelparken.no

Tlf: 53 67 13 13

Booking