Praktisk informasjon

Billettinformasjon

Må eg kjøpe billett på forhånd?

Det er begrensa antal billettar til Mikkelparken. For å vere sikra inngang i Mikkelparken, må du difor kjøpe billett på nettsida før ankomst.

Må vaksne kjøpe billett til Mikkelparken?

Alle personar (både vaksne og barn) som er 2 år eller eldre, treng billett for å kome inn i Mikkelparken. Det er ingen prisforskjell på barn eller vaksen. Eigne reglar gjeld bursdagsbarn under 12 år, honnør og ledsagarar.

Kven har gratis inngang i parken?

Barn under 2 år treng ikkje billett for å besøkje Mikkelparken. Så snart barnet er fylt 2 år, må dei ha billett.

Bursdagsbarn som er 12 år eller yngre, kjem gratis inn i Mikkelparken på bursdagen sin. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett ved dagsbesøk. Dersom ein skal besøkje Mikkelparken 2 dagar, kjøper du billett til bursdagsbarnet den dagen dei ikkje har bursdag.

Ledsagar med ledsagarbevis kjem gratis inn i Mikkelparken. Dei treng ikkje forhåndsbestille billett eller registrerast før ankomst. Ledsagarbevis skal visast i inngangen til Mikkelparken.

Er det eigne honnørprisar i Mikkelparken?

Me har eigne billettar for honnør. Du kan kjøpe honnørbillett dersom du er 67 år eller eldre, eller har eit honnørkort. Honnørrabatten gjeld ikkje for sambuarar/ektefeller.

Kan eg avbestille billetten min til Mikkelparken?

Du kan alltid avbestille bookingen din innan 24 timar etter kjøpstidspunktet dersom billettane dine ikkje allereie er blitt tatt i bruk. Avbestilling skjer på e-post eller telefon.

Unntak: du kan ikkje avbestille samme dato som produktet (f.eks. inngangsbilletten) gjeld for. Det betyr at dersom du har kjøpt ein inngangsbillett til Mikkelparken dagen før du skal besøke parken, kan du ikkje avbestille på Min side dagen etterpå (bruksdagen) sjølv om dette er innanfor 24 timar.

Avbestillingar som skjer etter 24-timars fristen vil ikkje bli refundert.

Kan eg endre dato på billetten min?

Du kan endre dato på inngangsbillettar fram til 14 dagar før bruksdagen (datoen på billetten). Dersom du ynskjer å endre billetten din, gjer du dette på Min side. Ved endring blir billetten din avbestilt, og du vil få ein verdikode/gåvekortkode som du bruker som betalingsmiddel ved kjøp av nye billettar.

Mat & Drikke

Matservering i Mikkelparken

I Mikkelparken er det to serveringsstader der du kan kjøpe varm mat.

Solkroa har ulike varme og kalde rettar, som til dømes hamburger, fiskekaker, salatar m.m.

Skoskogen serverer pizza, diverse bakst og har også påsmurte alternativ.

Mikkelbuffet på Mikkelparken Ferietun

Frå 29.06.24 - 10.08.24 tilbys det Mikkelbuffet på Mikkelparken Ferietun. Mikkelbuffet er ein middagsbuffet med varme og kalde rettar, samt ubegrensa med kuleis!
Mikkelbuffet kan reserverast på forhånd via linken. Det er også mogleg å droppe inn visst det er ledig kapasitet. Me anbefaler å booke på forhånd, så vil du også få drikke (iste og juice) inkludert til maten.

Forhåndsbestill Mikkelbuffet

Takeaway på Mikkelparken Ferietun

I helger i mai, juni, august og september tilbyr Mikkelparken Ferietun ofte pizza takeaway kvar fredag og laurdag.
Sjekk med resepsjonen for å få det oppdaterte tilbodet.

Kaffi og knask

I Mikkelparken er det fleire kioskutsal med sjølvbetjente kassar, der ein kan finne kaffi, is, brus, slush og diverse snacks.
Sjølvbetjente kioskar finns ved Krasjbåtane, Troprfryd og ved Torgterrassen.

Matallergiar

Me gjer vårt beste for å ta hensyn til allergiar. Me har glutenfrie og melkefrie alternativ i Solkro, og dersom det ikkje ligg ute, har me alternativ til det meste som me lagar direkte ved forespørsel. Informer gjerne våre medarbeidarar som jobbar på serveringsstaden dersom du har allergi eller ynskjer vegetar/vegansk alternativ.

Grilling

Mikkelparken har eigne grillar de kan nytte utanfor leikelandet Karibia . Det er ikkje tillat med eingongsgrill. Me følgjer Brannvesenet sine anbefalingar om grilling/grillforbod. Ta gjerne med eigne redskaper som t.d. pølseklype

På Mikkelparken Ferietun har me to stk. gassgrillar til utlån mot eit lite gebyr. På Mikkelparken Ferietun kan ein nytte eigne grillar så lenge ein følgjer brannvesenet sine anbefalingar og griller på ein trygg måte. Det er ikkje tillatt med eingongsgrill på Mikkelparken Ferietun.

Medbrakt mat og drikke

I Mikkelparken er det tillatt å nyte medbrakt mat og drikke i parken. Bruk gjerne våre piknikbord som er plassert rundt omkring i parken.

Alkohol

Det er ikkje sal av alkohol i Mikkelparken og det er heller ikkje tillatt å ta med eigen alkohol inn i Mikkelparken.

På Mikkelparken Ferietun har me sjenkeløyve, og det er mogleg å kjøpe øl, sider og vin i resepsjonen til å nyte i matsalane våre.

Matbutikk

Spar Kinsarvik ligg ca. 400 meter frå Mikkelparken og Mikkelparken Ferietun. Ferskvareavdeling med lokalmat, heimalaga varm- og kald mat, og fersk fisk. I under etasjen er det utvalg av garn, jernvareavdeling, leiker og kjøkkenutstyr. Opningstider høgsesong; Kvardagar 08:00-20:00. Lørdag 08:00-20:00. Søndag 12:00-18:00. Opningstider kan avvike frå høgsesong til lavsesong.

Parkinformasjon

Hund og husdyr

Det er dessverre ikkje tillatt å ta med hund eller husdyr inn i Mikkelparken, men me har gratis hundeparkering utanfor parken. Der har me hundebur med lås som er plassert i ei lita treklynge som skuggar for sola. Du får utlevert hengelås i kassa i inngangsbygget, og må registrere namn og telefonnummer. Me har 8 hundebur og ein kan dessverre ikkje reservere plass i hundeparkeringa.

NB: Førarhundar er tillatt i Mikkelaparken

Toalett

Det er toalett ved Solkroa, Skoskogen, Tropefryd og Bilbanen. Det er óg handicaptoalett mellom inngangsbygget og Solkro, og i leikelandet Skoskogen.

Toalettartiklar

Mikkelparken sel bleier og badebleier. Hygieneartiklar som bind og tampongar kan du kjøpe på SPAR eller i resepsjonen på Mikkelparken Ferietun.

Stellerom og amming

Det er stellebord på familierommet ved Solkroa og i leikelandet Skoskogen. Det er dessverre ikkje eigne ammerom i Mikkelparken, men ein står heilt fritt til å amme kvar ein vil. Det er mellom anna mjuke sofaer i leikelandet Skoskogen og Karibia.

Rullestol

Det er mogleg å kome seg rundt i rullestol i Mikkelparken, men det er enkelte gangstiar som har litt bratt helling. Det er handicaptoalett i Mikkelparken, ved Solkroa og leikelandet Skoskogen.

Barnevogn og traller

Du kan ta med eigen barnevogn eller tralle inn i Mikkelparken. Me har dessverre ikkje utleige av barnevogner eller traller på plass.

Hittegods

Alle gjengløymte ting vert tatt vare på i ein kort periode. Har du gløymt noke i Mikkelparken, ta så fort som mogleg kontakt på e-post: info@mikkelparken.no med ei skildring av kva du har gløymt att og ca. kva område du trur du har mista det.
Me sjekker i hittegodsavdelinga vår, og svarer deg tilbake så snart som mogleg. Etter ca. 2 veker vil klede og anna som ikkje har blitt etterlyst bli donert eller kasta.

Røyking

Det er kun lov å røyke i Mikkelparken på anviste plassar; nedanfor Solkroa, bak huset ved krasjbåtane og nedanfor leikelandet Karibia.

Bading i Mikkelparken

Skifterom og dusjing

Ved badelandet Tropefryd er det avlukke til å skifte i, i dei lilla byggene. Det er utandørs dusjar med oppvarma vatn. Dusjane er ved skifteromma og ved den store vassklia i Tropefryd.

Kor varmt er det i vatnet?

Alle basseng og spruteanlegget i Tropefryd har oppvarma vatn, ca 30 gradar.

Badereglar i Mikkelparken

Mikkelparken har eigne badevaktar med livredningskurs, men alle barn må likevel bade i lag med vaksne som kan symje.

Gjer deg kjent med kor kor djupt bassenget er. I Mikkelparken er djupna i bassenga 40 cm, 80 cm, 1,1 m og 1,2 m. Det er også to stk. plaskebasseng med 25 cm djup.

Ein må vere minimum 1 m og 30 cm høg for å kunne skli i den store vannsklia. Ikkje skli med hovudet først i vasskliene , og ikkje skli for tett.

Alle barn som brukar bleier må ha badebleier på seg når dei er i bassenget og i spruteanleggjet. Badebleier kan ein kjøpe i butikken i inngangsbygget.

Planlegg besøket ditt

Kart og kontakt

Parkering

Mikkelparken har gratis parkering og parkeringsplass like utanfor parken. På parkeringsplassen rett ved Mikkelparken er det plass til ca. 140 bilar. Dersom det er fullt på parkeringen når du kjem, vil det vere mogleg å parkere andre plasser i Kinsarvik, til dømes ved Hardanger Bestikk, kyrkja eller Esso Stasjonen. Dette er i gåavstand, ca. 300 - 600 meter frå inngangen til parken.

Er det mogleg å lade elbil ved Mikkelparken/Mikkelparken Ferietun?

På parkeringsplassen utanfor Mikkelparken er det 8 ladeplassar for elbil, drifta av Recharge: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 4 stk. På Esso-stasjonen i Kinsarvik sentrum er det 4 ladeplassar drifta av Mer: CHAdeMO: 2 stk., CCS: 2 stk. og Type 2: 2 stk.
Det er ikkje tilrettelagt for lading av elbil på Mikkelparken Ferietun.

Reise kollektivt

Reise med Tog

Det går jamnleg tog frå Oslo/Bergen til Voss. Deretter kan du ta buss frå Voss til Kinsarvik.
Informasjon om togruter finn du på www.vy.no.

Reise med buss frå Hardanger eller Voss

Buss frå Hardanger, Voss eller Odda vert utført av Skyss. Sjå deiran reiseplanleggar på www.skyss.no

Reise med buss frå Stavanger/Haugesund

Reiser du frå Stavanger/Haugesund, kan du ta buss til Odda. Der må du bytte til ny buss som vert utført av Skyss på strekninga Odda-Kinsarvik. For å sjekke bussruter frå Stavanger eller Haugesund til Odda, kan du besøke www.nor-way.no

Reise med hurtigbåt frå Norheimsund

I sommarsesongen går det hurtigbåt frå Norheimsund til Kinsarvik, frå 01.04.2023 - 31.10.2023.
Den har i 2023 hatt avgang frå Norheimsund kl. 09:00 og er framme i Kinsarvik kl. 10.33. Retur frå Kinsarvik kl. 16:40 og ankomst Norheimsund kl. 18:15. Billettar kan kjøpast på norled.no

Tryggleik i Mikkelparken

I Mikkelparken tar me tryggleiken din på alvor. Tryggleik er ein av Mikkelparken sine kjerneverdiar, og me gjer vårt ytterste for at parken skal kjennast trygg for både gjester og medarbeidarar.

Brannsløkkingsutstyr finns i alle bygningar i Mikkelparken. I tillegg finns det brannslangar på ulike område, bl.a. ved gravemaskinene utanfor inngangen, utanfor Skoskogen leikeland, og ved krasjbåtane.

Dersom det er behov for å evakuere Mikkelparken, er det rømingsveg ut porten på nedsida av Solkro, samt nedanfor Grashoppa.

Førstehjelp: Alle våre medarbeidarar har gjennomgått førstehjelpskurs i regi av Røde Kors. Dersom ein har behov for førstehjelp, tar ein kontakt med ein av våre medarbeidarar. Me har førstehjelpsskrin ved alle attraksjonar, og i inngangsbygget ved Mikkelparken Ferietun.

Hjartestartar: I Mikkelparken er det hjartestartar på veggen ved kassen i inngangsbygget. På Mikkelparken Ferietun er det hjartestartar på veggen i resepsjonen.

Brannslangar, rømningsvegar og hjartestartarar er markert på parkkartet.

Rutiner ved sakna barn:
Ta ein prat med borna før de besøker Mikkelparken om kva dei skal gjere visst de kjem bort i frå kvarandre. Det beste er at eit barn som ikkje finn foreldra, blir verande der dei er, framfor å begynne å leite etter foreldra, eller at de på førehand avtalar ein fast møteplass hvis de kjem bort i frå kvarandre. For dei minste barna er det lurt å skrive på armen e.l. navn og mobilnummer på ein føresatt, eventuelt bruke ID- armband.

Barna kan òg ta kontakt med personale i Mikkelparken. Dei skal vere lett synlege med grønn overdel med Mikkel-logo og svart/blå bukse. Finn me eit barn som har kome bort frå foreldra eller visst foreldre ikkje finn barnet sitt, har me faste prosedyrar for varsling og leiting

Kart over parken (zoom i kartet mogleg)